Følg Magasinet Pegasus

Ryttarane

Han såg opp. Hesten under han stampa uroleg med hovane. Dei skinande beina var sterke og heldt det vakre dyret oppreist. Pelsen var kvit, og så blank at han glitra som perlemor. Ikkje ein flekk var å sjå. Over ryttaren skein stjernene sterkt i den mørke natta. Ei lita stjerne flimra før ho fall. Halen var lang og tynn. Ein liten gulltråd som brått vart kutta. Snipp. Håret til ryttaren bestod av mange slike trådar. Auga var to skinande stjerner. Med eit sukk rei han vidare i mørket mot den fyrste byen. Det måtte gjerast. Det var deira eigen feil.

Sola kika fram, og strålane spegla seg i pelsen til hesten og i håret til ryttaren. Det tok ikkje lang tid før landsbybebuarane let merke til han. Blikka som møtte han var av djup vørdnad. Dei kunne ikkje tru det dei såg. Ein engel var komen ned frå himmelen, men ikkje alle kunne sjå han. Nokre såg berre ein kvit hest med blank pels som skritta gjennom byen. Sjølve hesten åleine verka så allmektig at ingen torde å gå bort til han. Endå mindre torde dei å tenkja på å klappa han. Dei følte seg uverdige i nærværet av noko så guddommeleg.

Eit spedsbarnsskrik kunne høyrast i heile huset, så kraftig var det. Mora låg utmatta i senga. Sola hadde akkurat kome opp over horisonten, og varmen strauk over ansiktet hennar. Ho opna auga og kika ut av vindauget. Der rei det ein mann forbi. Eller, «mann» er ikkje ei god nemning på denne storslåtte ryttaren. Engelen snudde på hovudet, og såg henne djupt inn i auga med stjernene sine. Kjensla av å falla kom brått over henne. Mannen nikka og retta blikket framover. Kjensla forsvann. Han hadde ikkje stoppa, og ho såg etter han der han rei av garde.

Jordmora gjekk ut av soverommet med ein liten klump pakka inn som ein bylt.

«Det er ei jente.»

Faren stod stolt utanfor, klar til å ta henne imot. Det fanst ikkje noko vakrare i heile verda. I auga hans var det ikkje noko som kunne måla seg med dottera.

rytter 1

Dagen etter var det fleire landsbybebuarar som ikkje vakna att. Dei vart funne med store svarte byllar over heile kroppen. Same natt hadde det falle mange stjerner ned frå himmelen. Rykta gjekk. Gud hadde dømt desse menneska uverdige og sendt dei til elden. Alle som hadde påstått at dei hadde sett ein ryttar, døydde den natta.

Det stod eit ølglas på matbordet. Tømt for sjuande gong. Skriket som denne dagen runga gjennom huset, var heilt annleis enn skriket dagen før. Ein liten gut prøvde å roa ned barnet. I senga der liv hadde vorte skapte, hadde òg liv vorte tekne. Mannen fekk til slutt nok og tok bråket ut.

Albus. Karmin. Nox. Ecru.

Ryttaren var klar. Broren hans hadde gjort sitt, og no var turen komen til han. Forskjellen var at han gledde seg. Spenninga sitra gjennom heile kroppen hans, ein elektrisk straum gjennom blodårene. Smilet hans spreidde seg og fekk ansiktet hans til å sjå meir bestialsk enn menneskeleg ut. Ikkje at det var noko ved han i det heile som såg menneskeleg ut. Armane og beina var tjukke stammar av alle musklane som kveila seg rundt skjelettet hans. Auga likna broren sine, utanom pupillane. Dei var raude. Nærom same raudfarge som monsteret han sat på. Nærom same raudfargen som han håpte å farga jorda med. Dei siste strålane frå sola sokk ned bak åsen. Ryttaren sette hælane i beistet. Dødsmarsjen hadde byrja.

Mannen spende eit sverd til beltet. Kruset låg under matbordet. Kvar kampdugelege mann og kvinne var kalla inn. Den raude stridshesten hadde vorte sett. Etter den kvite hesten tok dei ingen sjansar, og den kvite var ikkje noko samanlikna med den raude. Kamphesten var som teken ut av eit mareritt. Skummet rundt munnen var raudt, ferskt blod, og pelsen var like mørk som størkna blod. Det verste var likevel storleiken til dyret. Monsteret måtte vera høgare enn to meter. Med sverd, skjold og spyd sprang dei mot den blodige hesten. Styrkane attom hesten vart aldri mindre – forsvararane vart færre. Slagsmåla vara heile natta. Himmelen var opplyst av meteorsvermar. Månen var ingen stad å sjå.

Det var blod overalt. Alt mannen såg var raudt. Mørket var så ugjennomtrengjeleg at det nærom var svart. Det var få stjerner att på himmelen. Kaoset rundt han var ikkje nytt; slik hadde det vore sidan hjartet hans forsvann. Likevel var han redd då han høyrde hovane. På hesten som kom dundrande, sat djevelen sjølv. Svart langt hår flagra i vinden, den brune huda glinsa av sveitte. Raude pupillar omringa av soler, kropp som ei kjempe. Kjempa gliste.

Ved daggry var kampane over. Raude strålar dukka opp i horisonten, ein ny dag var på frammarsj. Dei kunne trekkja seg attende, kvila, og vita at dei hadde overlevd endå ei natt. Frykta sat likevel att. Lik ein igle som saug ut blod, saug frykta ut livskrafta til dei som ikkje hadde falle i kampen. Det var ingen som framleis trudde at det var frelsaren si tid som var komen.

Kvit. Raud. Svart. Gul.

Frodige sletter var måla raude. Ryttaren kunne sjå at broren hadde mora seg. Han forstod ikkje dei store kjenslene som brørne hans hadde. Dei hadde ein jobb å gjera. Det å ha kjensler rundt ein jobb var bortkasta. Han strauk handa sakte over mana på hesten. Den vakre skapningen hadde pels like svart som ibenholt. Då han sjølv ikkje hadde eit hår på kroppen, var det i pelsen til hesten han hadde lagt forfengelegheita si. Pelsen var så mørk at han slukte alt ljos. Ryttaren rei på ein svart skugge av ein hest.

Guten heldt eit lite krus. Klirringa av myntar vekte ikkje barnet som sov trygt og godt i armane hans. Eit høgt smell fekk guten til å sjå opp. Ryttaren såg ned på bakken. Der låg det ein mann. Han hadde prøvd å angripa hesten med ei øks, ryttaren kunne han ikkje sjå. Menneske er merkelege skapningar, tenkte ryttaren. Dei måtte forstå at alt var tapt og at det dei gjorde var nyttelaust. Dei hadde øydelagt så mykje, no var det deira tur.

Ryttaren såg rett inn i auga på mannen. Han skvatt då ryttaren plutseleg vart synleg – så byrja han å kasta opp. Dei to svarte hola som sat i det bleike ansiktet til ryttaren, var eit fælsleg syn.

Rytter 2

Spedbarnet byrja å skrika. Guten prøvde å roa henne ned, men ikkje noko fungerte. Framfor han stoppa det ein hest. Hovane skein og glimta i sola, pelsen var kolsvart. Det såg unaturleg ut. Han visste at hesten bringa med seg ein skjebne han ikkje ynskte seg. Systera heldt fram med å skrika. Han såg opp. Det var ingen ryttar på hesten. Skuldra hans vart fuktig.

Ryttaren byrja å kjeda seg. Der var jo ikkje nokon att. Dei som ikkje hadde vorte tekne i kampane, hadde valt å gå på eiga hand. Byen låg øyde attom han. Med ein gong sola var på veg ned, og skumringa hadde senka seg, sette han hesten i galopp.

Guten såg opp på nattehimmelen. Han var mørk, med berre nokre få ljosglimt att. Systera nekta å ta mjølk. Han hadde brukt dei myntane han fekk på dagen til å kjøpa eit glas. Smaken var som han skulle vere, han hadde teke ein sup for å vera trygg. Det var ikkje så mykje meir han kunne gjera. Han sat vaken natta igjennom og leitte etter stjernebilete.

Pest. Krig. Svolt. Død.

Det var jobben hans å ta dei resterande, viss der var nokon. Som forventa hadde brørne hans gjort ein god jobb. Inne i husa låg det menneske med opne sår, på slettene låg det menneske i bitar, og i gatene låg det avmagra menneske i oppkast. Han fekk ei uggen kjensle i magen av brutaliteten.

Månen var ute. Han lyste opp den mørke himmelen. Det kalde ljoset fekk håret til ryttaren til å sjå heilt kvitt ut; ein stor kontrast til den djupe hudtonen han hadde. Hesten han rei hadde ein gultone i pelsen. Han såg nesten sjuk ut, men han var sterk og bar ryttaren dit han skulle. Sjølv ikkje det nøysame ljoset klarte å skjula øydeleggingane rundt dei. Naturen var sverta. Universet hadde vorte laga for å verte sett, han var fortryllande i sin reinleik. Menneska hadde vorte blinde for venleiken rundt seg og øydelagt han i jakta på det uoppnåelege. Dei hadde gått for langt, og måtte no ta konsekvensane.

Guten kjende sveitten renne nedover ryggen på han. Spaden hadde han funne i eit forlate hus. Han trudde i alle fall at det var forlate, då han korkje hadde sett nokon ved huset eller i nærleiken. Det hadde faktisk ikkje vore nokon andre å sjå heile dagen. Mange kroppar, men ingen menneske. No som natta var komen, byrja guten å verta einsam. Han sat oppå klumpen av jord og venta. Ingen stjernebilete var å sjå.

Ryttaren let merke til ei lita stjerne som glitra svakt. Ho var nesten gøymd bak månen, men ho var der.

«Kven er du?»

Ryttaren såg ned på den vesle guten med dei kvite irisane sine. Pupillane var òg kvite.

«Du kan kalla meg Ecru. Vil du bli med meg?»

Guten tenkte seg om, men han trong ikkje å tenkja lenge.

«Ja, kvar skal vi?»

Ryttaren strekte seg ned og drog guten opp på salen. Han tok eit godt tak i mana. Ecru strauk ei hand over hovudet på guten. Håret hans var mjukt å ta på. Hesten byrja å skritta vidare.

«Livet er eit vakkert og uvurderleg eventyr, men no skal vi heim.»